DET ER LEDIG 100% STILLING SOM VIKAR FOR LÆRAR VED ERFJORD SKULE FRÅ SNARAST TIL 31.07.27
OM STILLINGA:
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
KVALIFIKASJONAR:
• Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule eller anna relevant kompetanse.
• Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
• Du må vera fleksibel og positiv.
• Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
• Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
• Du må trivast saman med elevar og føresette.
• Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
• Vera positiv og ha god relasjonskompetanse.
• Ha god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing
• Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning.
• Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta.
• ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
I SULDAL KOMMUNE FÅR DU:
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• Engasjerte og dyktige kollegaer
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Bedriftshelseteneste
• Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
• Nynorsk som administrasjonsspråk
ANDRE OPPLYSNINGAR:
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
• Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
• Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
SLIK SØKJER DU:
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
• Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
• Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
VELKOMEN SOM SØKJAR! ME SER FRAM TIL Å HØYRA FRÅ DEG.
Link til søknadsskjema: Søk her
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.