VIL DU VERE EIN DEL AV EIT STERKT FAGMILJØ DER PASIENTTRYGGLEIK, KOMPETANSE OG SAMARBEID STÅR I SENTRUM?
Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledige fleire stillingar som intensivsjukepleiar, både faste og vikariat.
Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:
• Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
• Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
• Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
• Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).
VIL DU ARBEIDE SAMAN MED OSS I EIT SPANANDE FAGFELT? SEND OSS EIN SØKNAD I DAG!
Arbeidsoppgåver
• Klinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner
• Pasientovervaking, behandling og pleie
• Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell
• Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet
• Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov)
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv
• Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
• Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
• Du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst
• Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
• Du er fleksibel og løysingsorientert
• Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
• Personelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. LES MEIR OM ÅLESUND OG OMLAND HER.
Kontaktinformasjon
Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5174061944
Stillingsprosent: 100, 85%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 22.09.2026
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.