OM SULDAL SJUKEHEIM
• Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
• Me har årsturnus
• Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
• Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
• Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
OM STILLINGA
• Stillingsstorleik: 92 %
• Stillingstype: fast
• Turnus: arbeid kvar 3. helg, langvakter i helg
• Oppstart: 01.12.26
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig
ARBEIDSOPPGÅVER
• Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen
KVALIFIKASJONAR
• Autorisasjon som helsefagarbeidar
• Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
• Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
• Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
• Gode datakunnskapar
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Me ser etter deg som:
• Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar
• Tek ansvar og arbeider strukturert
• Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi
• Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid
TILSETT I SULDAL KOMMUNE
• Helsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000
• Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
• Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
• Me har bedriftshelseteneste
• Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
• Me har nynorsk som administrasjonsspråk
ANDRE OPPLYSINGAR
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
• Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
• Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste
SLIK SØKJER DU
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
• Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
• Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju
• Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
VELKOMMEN SOM SØKJAR! ME SER FRAM TIL Å HØYRA FRÅ DEG.
Link til søknadsskjema: Søk her
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.