VIL DU BLI EIN DEL AV EIT SUPERT ARBEIDSMILJØ, MED FAGLEGE OG SPENNANDE UTFORDRINGAR KVAR DAG?
Sengepost nevrologi har no ledig ei 50 % fast stilling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsdagar.
Vi ser etter deg som trivst med pasientretta arbeid, både i samarbeid med andre og når du arbeider sjølvstendig. Du er positiv, fleksibel, nysgjerrig og tek initiativ i kvardagen.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver.
Har du spørsmål om stillinga eller ønsker å vite meir om seksjonen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Ved interne omrokkeringar kan det òg bli ledig andre stillingsstorleikar.
Kikk gjerne innom vår instagramkonto sengepostnevrologi_SNR.
Arbeidsoppgåver
• Sjukepleie til den nevrologiske pasienten
• Stell og pleie
• Tverrfagleg samarbeid
• Bygge kompetanse og fag
• Rettleiing av sjukepleiestudentar
• Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten
• News-målinger
• Observasjon
• Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjons som sjukepleiar
• Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar
• Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig
• Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ
• Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert
• Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, monika.bolsones.knutsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5177458804
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 18.10.2026
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.