Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus.
Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born.
Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken.
Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
• Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde born
• Legemiddelhandtering
• Bruk av medisinskteknisk utstyr
• Familiebasert omsorg
• Rettleiing
• Tverrfagleg samarbeid
• Kontinuerleg forbetringsarbeid
• Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Det er ønskjeleg med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, barnesjukepleie eller intensivsjukepleie
• Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus
• Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
• Du er fagleg sterk og set pasienten i fokus
• Du er engasjert og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
• Du tek initiativ, er fleksibel og strukturert
• Du er positiv, har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
Vi tilbyr
• Ein spennande og givande arbeidsplass
• Ei god opplæring og gode kollegaer
• Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. LES MEIR OM ÅLESUND OG OMLAND HER.
Kontaktinformasjon
Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5172561498
Stillingsprosent: 80, 65, 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 18.10.2026
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.