Kjølvikstølen barnehage ligg midt på Ropeidhalvøya i Grendahuset sitt bygg. Me har fin uteplass kor born kan utfordre seg i ujevnt terreng. Fint miljø rundt, mykje skog og fin natur, tilgang til strand og gardar i nærmiljø.
OM STILLINGA:
• Stillingsstorleik: 100%
• Stillingtype: Fast
• Stilling ledig frå: Snarast
ARBEIDSOPPGÅVER:
• Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
• Møtedeltaking.
• Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
• Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
• Samarbeid med ulike instansar.
• Ansvar for vurdering og dokumentering.
KVALIFIKASJONAR
Utdanning som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Barne- og ungdomsarbeidarar og andre med relevant erfaring innen barnehage kan søkje på stillinga, men blir då tilsett som konstituert barnehagelærar.
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
ME SØKJER DEG SOM ER:
• Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
• Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
• Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
• Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
• Tilstadeverande og fagleg interessert.
I TILLEGG ØNSKJER ME AT DU HAR:
• Eit positivt menneskesyn.
• Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
• Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
• Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
• Erfaring frå arbeid i barnehage.
• Gode norskunnskapar.
HOS OSS I SULDAL KOMMUNE FÅR DU
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• Engasjerte og dyktige kollegaer
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Bedriftshelseteneste
• Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
• Nynorsk som administrasjonsspråk
ANDRE OPPLYSNINGAR:
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
• Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
• Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
SLIK SØKJER DU
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
• Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
• Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
• Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00
VELKOMEN SOM SØKJAR! ME SER FRAM TIL Å HØYRA FRÅ DEG.
Link til søknadsskjema: Søk her
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.