100 % vikariat som koordinator/rådgjevar for opplæringa Ølen vgs leverer i Haugaland fengsel avd. Sandeid
Frå 1. februar 2027 til 31. januar 2028 er det ledig stilling som koordinator/rådgjevar. I stillinga inngår rådgjeving, veiledning, budsjettkontroll, dagleg drift og samarbeid med kriminalomsorga. Arbeid med drift av matvogn er og tillagt stillinga. Det inngår ikkje personalansvar i stillinga. Den som vert tilsett må ha evne til å motivere innsette til å ta utdanning, fullføre grunnskule og vidaregåande skule.
Krav til stillinga:
• Relevant utdanning innan undervisning og/eller rådgjevning
• Godkjend pedagogisk utdanning
• Godkjend utvida politiattest
• Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Me søkjer deg som:
• Tek initiativ overfor elevar, tilsette, skuleleiinga og fengselsleiinga
• Har gode relasjonelle og kommunikative ferdigheiter
• Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
• Har gode samarbeidsevner, er samlande, tydeleg og har godt humør
• Er fleksibel og trivst med ein variert og hektisk arbeidskvardag
Me tilbyr:
• Moglegheiter til å vidareutvikle tilbodet skulen gir i fengselet
• Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Gode høve for fagleg utvikling
• Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
Korleis søkje:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til GRADE JOBBNORGE. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: GRADE KUNNSKAPSBASE – HJELP FOR JOBBSØKJARAR
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.