VED SENGEPOSTEN PSYKOSEBEHANDLING SNR SØKJER VI EIN ENGASJERT, FAGLEG TRYGG OG SJØLVSTENDIG SJUKEPLEIAR, TIL EI 100 % NATTSTILLING.
Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).
Arbeidsoppgåver
• Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
• Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
• Administrere og følge opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter
• Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm
• Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon
• Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring
• Delta på fagdagar og anna opplæring
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
• Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg
• Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
• Du er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet
• Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid
• Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit
• Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
• Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar
• Du arbeider sjølvstendig
• Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
Kontaktinformasjon
Ingunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleder, ingunn.romundstad.innerdal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5203651430
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Interested in this role?
See your match score
Sign in to compare your skills and get AI-powered application help.
Get started freeAlready have an account? Sign inNo specific skills listed for this role. Check the job description for requirements.