HQI 74
Seksjon Lokalstøtte sør har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Fonna og Helse Stavanger. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna. Saman med Seksjon Lokalstøtte nord utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen. Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte sør med arbeidsstad i Haugesund. Arbeidsoppgåver • Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m. Ansvarsområdet vil etter kvart også omfatte mobiltelefonar. • Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar. • På staden kundeoppfølging. • Varelogistikk. • Deltaking i prosjekt ved behov Kvalifikasjonar • Erfaring med kundebehandling • Kunnskap og erfaring med feilsøking på Windows-operativsystem • Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr • Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav • Kjennskap til ITIL-rammeverk er ein fordel • Fagbrev innan IT-driftsfaget, dataelektronikerfaget eller anna relevant IKT-fag er ønskjeleg. Relevant dokumentert erfaring og personleg egnethet kan kompensere for manglande fagbrev • Førarkort klasse B • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som: • er sjølvstendig og ansvarsbevisst • er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa • har gode samarbeidsevner, jobbar godt i team, men også sjølvstendig • er positiv og initiativrik • er open og svolten på ny kunnskap og teknologi Vi tilbyr • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj • Løn etter avtale • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Elisabeth Skeide Larsen, Seksjonsleiar, +47 95731636 Arbeidsstad Øvregata 126 5527 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Vest IKT Referansenr.: 5198563811 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 01.12.2028 Søknadsfrist: 05.11.2026
